I Sogndal har me dei finaste fjella og den beste snøen.
Vi er så heldige å bu midt i eit snøhol, noko bygda ber preg av gjennom heile vinteren. Turistar, såvel som lokale, reiser til fjells til alle døgnets tider for å nyte dei store mengdene laussnø som fell ned i dalen. Medan andre går seg ein langtur til dei stillare delane av dalen for å nyte fred og ro på fjellski.
I butikken har vi eit stort utval av alle typar ski, det vere seg langrenn, fjellski, alpint eller toppturutstyr. Både til vaksne og barn i alle kategoriar. Vi fører merker som: Madshus, Fischer, Swix, Åsnes, Dynafit, K2, Vølkl, Sgn, 4Frnt, Blizzard, Dps, Atk, Rottefella, Black Diamond, La Sportiva, Salomon m.m.