Fruktbygda har utvikla seg til å bli eit moderne kunnskapssenter,

med gode kommunikasjonar mot Bergen, Oslo og over landegrensene. Med meir enn 2000 studentar og skuleelevar er Sogndal utdanningssenteret i Sogn og Fjordane. Som studiestad er Sogndal godt tilrettelagt med mange fritidstilbod, god studentvelferd og korte avstandar som kjenneteikn. Studentane kjem frå heile landet. Det gjev bygda eit ungdommeleg preg og skapar eit aktivitetsnivå du ikkje finn på andre stadar av tilsvarande storleik.(Sogndal kommune ) Me samarbeidar tett både med folkehøgskulen, Lurkalaget, Studentspretten, ulike turlag, Sogndal idrettslag, Kaupanger idrettslag, Fjøra, Sogndal Fotball, samt at me er med og sponsar ulike lag, klubbar og organisasjonar i vår region.


Umbro | Nike | Adidas | Mizuno | Craft